Podcast Uib

"Slik blir du påverka av musikk"

Informações:

Sinopsis

Kvifor blir du oppstemt av visse typar musikk, og kjenner deg melankolsk av annan musikk. Kva er det som skjer i hjerna når alle på ein rockekonsert dansar i takt? Geir Olve Skeie er overlege i nevrologi ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen og pianist, i tillegg er han professor ved Griegakademiet - Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen. Han har saman med nevrolog Are Brean skrive boka Musikk og hjernen: Om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen. I denne podcasten fortel han om korleis musikk verkar på hjernen, og kva hjernen gjer med musikk. Og kvifor det kan vere visse fordelar med å velge ein musikar som far til dine barn. Musikken i podcasten blir spela av Skeie sjølv og er ein etyde av Chopin spelt polyrytmisk, som i dette tilfellet tyder at høgrehand speler i 3-takt medan venstre har 4-takt.  Podcasten er laga av Hilde Kvalvaag, Kommunikasjonsavdelinga, UiB med hjelp av Tane Høisæter produsent ved Læringslaben under Kommunikasjonsavdelinga, UiB