Littpod

LitFestBergen2020 - Kven eig naturen?

Informações:

Sinopsis

Med klimaendringane blir spørsmålet om fordeling av ressursar sett i eit nytt lys. Når det blir knapt om gode som dyrkbar mark, rein luft og vatn, kan menneska sitt eigedomsforhold til naturen framleis definerast på same måten? Kven eig eigentleg naturen, og kva inneber det å eige den? Sigbjørn Skåden er i sitt forfattarskap svært opptatt av spørsmålet om naturforvalting, sett frå eit samisk perspektiv. Han møter klimaforskar Bjørn Samset til samtale, under leiing av forfattar og journalist Kjersti Sandvik. Samtalen er på norsk.